Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!
Stikkord: bryllaup
Julematen er forlengst ferdig innteken, og den evige kampen om det gode nyttårsfortsettet er allereie på usikker grunn. Det er eit nytt år og mykje spennande står på programmet! Me ynskjer deg eit godt nytt år med ein oppdatering på kva som har skjedd dei siste par vekene…
Det er ikkje eit kva som helst år som såvidt har stabla seg på beina. Det er no nemleg under eit halvt år til Bryllaupet på idylliske Halsnøy!
Tida går, og no er det berre 200 dagar att til me står ansikt til ansikt i kyrkja og skal inngå ekteskap. I den anledning lanserer me stille og roleg vår nye bryllaupsside.