Sidan sist har me sett opp skilleveggen mellom romma oppe, og veggane har fått på seg eit lag med gips. Etter eit lite avbrekk i oppussinga førre veke er me no tilbake for fullt, og me skal etter planen ta til med sparkling av dette rommet i dag.
Etter to-tre veker med arbeid som knapt vises i det store og det heile, har me no tatt til med å gipse veggane på soverommet. Me får satse på at me har gjort godt nok grunnarbeid…
Nå er gulvet lagt ned igjen og me syns det vart kjempefint! Deilig å vite at det er isolert mellom etasjane. Når me nå ska ha gips på veggane på soveromma oppe er me byrja trikse med litt lekter. Greit om det er litt 60-60.. På det eine rommet er me snart i mål med det, så da er det gipsen sin tur. Her er litt av prosessen i bileter..
Når økonomien er stram, er det viktig å planleggje ting lang tid i forvegen. Sidan august har eg (Espen) spart og planlagt kva overrasking eg skulle gje Renate i bursdagsgåve i helga som var. I tida før hadde eg gitt ho lappar om kva ho skulle pakke, og kva ho skulle gjere i forkant av overraskinga. Ho visste ikkje når og kvar om nokosomhelst. Etter å ha vore i huset kvar dag til kl 23 siste månaden, var det himmelsk deileg å kunne sette seg i bilen på fredag og sette kursen sørover for å gje ho ei hotellhelg i Stavanger.
Førre helg vart nok ei dugnadshelg i huset. Kjeks vart kjøpt inn og med kaffi og saft vart det god stemning! Tregolvet i andre etasje vart teken opp bord for bord og nummert. Mens ein gjeng var inne og fekk opp golvborda, stod ein annan i sola og reingjorde dei for støv og anna som hadde kome ned i mellom spora gjennom åra.