Tida flyr når ein har det kjekt vert det sagt. Det kan me bekrefte her og no! Me har hatt så mykje å halda fingrane i at me ikkje har hatt tid til (iallefall ikkje prioritert) å halde dykk oppdaterte på kva som skjer til kvardags i Hornelandsvegen. For det har ikkje mangla på hendingar! Berre les vidare så skal du få sjå…
Kategori: Soltun Page 1 of 4
Følg oppussinga av huset!
Me skulle nok ha publisert dette innlegget for ein halv evigheit sidan, men det har rett og slett vorte nedprioritert i alle baugar og kantar. Sidan sist har det vore både hauststormar og jul. Nok ein gong utan at snøen heilt veit korleis den skal oppføre seg i slike tider. I huset har me fått svingt både kost og sleiv, og eit nytt år er akkurat byrja!
Det lir mot jul og gjeremåla er mange. Oline har også funne ut at det er kjempegøy å gå på beina, og elskar å bruke kroppen både til turn og anna!
Juni har akkurat passert på kalenderen og Oline og underteikna har hatt opptil fleire fantastiske bursdagsfeiringar, og Renate og eg har feira bryllaupsdag med hjartepizza på tallerken og saft i glaset. Ferien er rett rundt hjørna og om den vert nytta til å slikke sol, leike med Duplo eller sparkle gjesterom, skal den utnyttast til det fulle!
Dagane går fortare og fortare, og me kompenserer med å ta ein ting av gongen. Prioriteten vår siste tida har vore det familiære, men me har likevel fått gjort eindel oppussing og flikking i huset likevel.