Påskeharen har nett vitja oss og minna oss på at det i dag akkurat er eitt år sidan me trulova oss. Dei mest årvåkne gjestane har nok også lagt merke til at tidsfrista for å svare på invitasjonen no er gått ut. I tillegg til desse trivielle opplysningane kan me opplysa om at me har utvida ynskjelista vår på Tilbords, samstundes som me t.d har laga ynskjeliste på Sport 1 på Stord og på Sæbøvik gåver og leiker på Halsnøy.
Skribent: Renate
Om du vil stemme på oss som årets brudepar 2009 skal du veldig gjerne få lov til det! Gå isåfall inn her og følg oppskrifta… Hadde vært supergøy om det hadde blitt oss i år! *smil*
Fleire av gjestene våre har dei siste vekene etterlyst ynskjelister frå oss. Dette har me omsider fått gjort noko med! Me har foreløpig lagt ut ynskjeliste hjå Tilbords og også nokre få ynskjer hjå Glass Thomsen. I løpet av påsken skal me også få ordna med ynskjeliste hjå Sport1 Stord og Sæbøvik gåver og leiker på Halsnøy. Andre ynskjer finn du under gåveliste her på bryllaupssida vår.
Nedtellinga av dagar har starta for lenge sidan for vår del. Nå byrjar me på timar og sekundar snart… *smil*!
Me skal vere toastmastere i den store bryllaupsfesten og treng dine bidrag til å gjere festen til ei minnerik oppleving. Har du skjulte evner, eller kanskje berre rett og slett behov for å vere i spotlighten? Då kan Birthe og Sissel oppfylle dine draumar! Me sparar til mange «spotlightar»…
Ta gjerne kontakt på mail eller telefon!
Mailadresse finn du her. Telefonnummer finn du om du logger deg inn her med passord frå invitasjonen.
Helsing Birthe og Sissel