Når økonomien er stram, er det viktig å planleggje ting lang tid i forvegen. Sidan august har eg (Espen) spart og planlagt kva overrasking eg skulle gje Renate i bursdagsgåve i helga som var. I tida før hadde eg gitt ho lappar om kva ho skulle pakke, og kva ho skulle gjere i forkant av overraskinga. Ho visste ikkje når og kvar om nokosomhelst. Etter å ha vore i huset kvar dag til kl 23 siste månaden, var det himmelsk deileg å kunne sette seg i bilen på fredag og sette kursen sørover for å gje ho ei hotellhelg i Stavanger.
Skribent: Espen Morten Page 5 of 7
Førre helg vart nok ei dugnadshelg i huset. Kjeks vart kjøpt inn og med kaffi og saft vart det god stemning! Tregolvet i andre etasje vart teken opp bord for bord og nummert. Mens ein gjeng var inne og fekk opp golvborda, stod ein annan i sola og reingjorde dei for støv og anna som hadde kome ned i mellom spora gjennom åra.
25. september klokka 14.00 – presis, overtok me huset vårt i Hornelandsvegen. Shelton, Jan Egil, Ruben, Christoffer, Ketil, og Andreas var innom den første helga og hjalp oss med nedriving av gulv og veggar og køyring/bæring av flyttelass. Det var flittige pausar foran Mac-ene og kaffimaskina, men det vart nokre gode arbeidstimar likevel! Etter den tid har familie og vener ellers tatt i eit tak for at me skal få flytte inn i eit nyoppussa hus nokre veker fram i tid!
Etter ein fantastisk feiring kjem det no her eindel bileter frå bryllaupet vårt, 27. juni 2009. Du kan også lese eventyret om oss som stod i festheftet. Ikkje nøl med å legge att ein kommentar på bileta!
Fleire bileter og film?
For dei av våre gjester som ynskjer tilsendt ein CD med fleire bileter og film frå bryllaupet, ver venleg å ta kontakt med oss ved å sende ein e-post til bestilling@renateogespen.com. Hugs å leggje ved namn og adresse. Telefon/mobilnummer kan også vere greitt.
Redigeringa av bileta og filmen er endå ikkje ferdig, du vil verta informert om når den vert sendt ut!
Med takk og venlege helsingar frå
Renate og Espen
21. juli 2009