Knock, knock, anyone there?

Joda, me er fortsatt her! Sidan me er flytta inn må me berre seie at dei største tinga som er verdt å blogge om ferdig, men ikkje tru at me ligg på latsida for det: Me har måkt fleire tonn med snø…

Vel, ved sida av all måkinga har me i det siste forsøkt å skape ein meir eller mindre god heim for oss to. Det innebærer at me no har fått malt dei gamle nattborda, skrivepulten som stod her i huset då me tok over, soveromsdøra, golva i gangen og rommet som skal verte eit tillegg til dusjrommet. I tillegg har me fått hengt opp gardiner i stova og fått eit par strøk på boden slik at me no kan byrje å rydde ting på plass!

Puss, puss...

Ferdigmåla trapp

Bålkos

Man tager en desj gammel plank fra et gammelt hus, plasserer det på en god overflate av ikke-brennbart materiell, knurver et par ark av gårsdagens udgave av avisen og fyrer det hele opp med en svovelstikke…

Oppskrifta for ei hyggjestund med bål er enkel når man har nok av gammel materiale liggjande i garasjen! Dette drog me nytte av førre laurdag, og saman med våre koslege nye naboar kosa me oss med kjeks, kakao og varmen frå bålet – på vårt eige tun!

Øyo 2010

Angry Wasp and the Angry Wasps, Øyo 2010

Samme kvelden stilte me opp som frivillige på musikkfestivalen Øyo som fann stad i HSH sine lokaler på Rommetveit. Her var det god stemning, både blant publikum og artistar. Rett og slett eit vellukka arrangement!

Er det ikkje det eine, så er det det andre…

Me har kjøpt oss ein einebustad, og det følgjer sjølvsagt med at det då kan dukke opp uforutsette ting og tang hist og pist. Fram til førre helg hadde me vorten skåna for denne typen hendingar. Då me ein kveld hadde vaska ferdig oppvasken, dusja oss og var klar for å ta kvelden, oppdaga me at det surkla ekstra i røyra. Eg gjekk ned i vaskekjellaren for å sjekke om det kunne vere noko i sluken.

Synet som møtte meg var alt anna enn det ein vil oppdage når du er trøytt og helst vil leggje deg glad og nøgd under dyna. Heile golvet i vaskekjellaren var fylgd med vatn og toalettpapirrestar. Hadde det ikkje vore for at det også var blanda inn ein god dose med vaskemiddel og dusjsåpe, kunne lukta også vore til plage… Helga måtte dermed nyttast til å finne årsaken, stake og besøkje familie for å kunne gjere sitt fornødne og dusje.

Måndagen og tysdagen gjekk for det meste i slamspyling opp, ned og i mente av både røyleggjarar og kommunen. Konklusjonen på det heile var at det var snakk om eit kollapsa sementrøyr etter at ei rot hadde trengt seg gjennom det – noko som sjølvsagt ikkje vert dekka av forsikringsselskapet. Så snart snøen smeltar og fuglane kvitrar høgt i sky tek me til med graving for å skifte ut heile røkkelet. Alle er hjartans velkomne til ein alternative hagefest, eller kanskje gravøl passar betre?

Det lir mot vår?

Studio og drivhus

Tunet

Sjølv om bileta ovafor er idylliske og vakre nok, gledar me oss uanskvett til våren kjem og me kan byrje å bruke eigendomen vår fullt ut!

Previous

Jula varer faktisk heilt til påske!

Next

Vårtegn i hagen!

10 Comments

  1. Ragnhild

    Du store alpakka (prøva tappert å gjeninnføre uttrykket) kor flinke dokke he vår!!! og trappa vart so fine:) nei no e me virkelig klar for å kome på besøk og arbeidsleir (sia dokke snart e ferdig altso. det gjelde å time det bra….). kanskje vi kan måke snø?? gler mej sjukt til å sjå dokke igjen, so rop ut når dokke he tid, so kjeme oss susande til Stord:)

    koz og klemz (føle dei også he gått i gløymeboka, men bære vent…)

  2. Hei. Gjør dere alt sjøl? I så fall imponerende. Hvis dere har brukt håndverkere i tillegg ville jeg bare tipse om den nye nettjenesten http://www.godtjobba.no hvor folk som deg og meg anbefaler gode håndverkere slik at det blir lettere for andre å finne rett mann/kvinne til jobben.
    Lykke til med videre oppussing!

  3. Dette blir bra saker! <3

  4. ååå… så fint hus dere har!

  5. Ragnhild: Dykk skal jo på «bryllaupsreise» til oss, ikkje arbeidsleir 😀 Eh, koz og klemz…

    Aimar: Gjer det meste sjølv, ja. Det som bør takast av håndverkere, som straum og røyrleggjararbeid, er tatt av fagfolk venner og famile har anbefalt. Skal sjekke ut sida (di?)!

    Joachim: Indeed!

    Synøve: Takkar! Kom snart på besøk!

  6. litt feil å si at trappa er ferdigmalt

  7. Eg ser ikkje nokon umålte flater på den trappa, så eg har ikkje feil når eg skriv at den er ferdigmåla… Men den manglar nok eit par NYE strøk 🙂

  8. boblo

    kva med meglaren, spilene og handrekka??

  9. Eg må jo spare noko «kosearbeid» til seinare!

  10. Elisabeth

    Ser koselig ut:) Huset blir virkelig dåkkas når dåkke er ferdig:))

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Powered by WordPress & Theme by Anders Norén