Ei ny veke i huset er unnagjort med god hjelp frå foreldre, søsken, tanter og gode venner frå Bergen. No nærmar soverommet seg eit lag med måling, og arbeidet med å gjere kjøkkenet meir innbydande er i gong…
Jobben med det elektriske er i gang. Renate leiker hobbyelektriker sammen med han far og elsker å trekke «støt» som ho seie. Første nye bryter som fungerer er på plass og den måtte me sjølvsagt ha eit bilete av.
Her prøver Renate seg på litt kvistlakking.. Ho anbefaler ikkje folk med nakkeskade å byrje i bygningsbransjen!
Sparkling til den store sølvmedalje…
Eg har erfart at dårleg grunnarbeid er rota til frustrasjon utover i einkvar prosess. Sparkelarbeidet nærmar seg slutten på soverommet, men om det har vore godt nok utført, vil kun eit lag med grunning avsløre. Men alt i alt er det nok bra for ein fersking innan sparkling…
Kva skulle me gjort utan gode vener?!
Øystein monterer tak!
Taket har fått seg eit lag grunning og eit lag måling etter god hjelp frå tante Kjellaug og mødrene våre. For nokre arbeidsjarn dei er! Øystein og Benedikte kom heilt frå Bergen for å hjelpe til med å få det på plass. Samstundes kom dei med sofaen vår og utemøblar til tunet vårt. Einaste som mangla var sola… På toppen av all godhet og kjærlighet hadde dei med seg middag til arbeidslaget! Sånne deilige mennesker er vanskelig å få takka nok!!
Eg og Benedikte har kjøkkentjeneste!
Etter at Regine har renska da for fett og gamal skit har kjøkkenet med den fantastiske grønfargen fått eit strøk grunning. Det ser plutselig ut som om det er nytt (!) Lækkert! Takk for hjelpa Benedikte!
Kvardagskunst
Til slutt i dette innlegget vil eg presentere eit lite arbeidskunstverk signert min kjære læremeister og pappa:
Er det litt uskarpt burde du nok skaffe deg briller..
jocke
Jeg får skaffe meg noen briller jeg da.
Cynthia
Gratulere med huset, ser dokk har mye jobb framfor dokke….sånn har me holdt på i 3 år nå (vårt hus er fra 1955), og det vil ingen ende ta….men det er gøy å se resultater, så håper på et før/etter innlegg etter hvert:) Lykke til videre:)
Benedikte
Takk for godt arbeidsfellesskap – bare så synd at vi ikke kunne strekke jobbetiden litt mer – eller korte inn reisetiden….
Nå har vi fått klarhet i arbeidsfordelingen hos dere; Renate bestemmer hvordan det skal se ut og Espen sørger for at det blir sånn. Viktig begge deler : ) Satser på at det blir jul i stua!! – og kanskje et par andre rom..?
Espen
Den arbeidsfordelinga har vel me for det meste gått etter også, så den er grei! Takk for hjelpa i helga! I går vart me ferdige med taket og sparklinga på soverommet. Det var DEILEG! No har me berre resten att…
Renate Sjo Kvalheim
Jocke: Ja, da bør du nok det.. Men ikkje kjøp før du har hatt time hjå optiker! ..bare sånn for sikkerhets skyld!
Cynthia: 2 år utgjer kanskje ikkje så masse, så då er ugangspunktet vårt ganske likt..! Holde dåke på ennå med første runde oppussing? Blir vel aldri heilt ferdig nå man har hus..
Gleder meg til før/etter innlegg! Skal eg følge med på facebook eller har du hjemmeside?
Benedikte: Eg får ikkje lov å gjer meir. Prøvde å hjelpe Espen med å ta opp resten av taket i går, men då blei han sur.. Dette skulle han klare sjølv for det er han som er mann!! hehehe
Gleder oss til å invitere mamma og pappa frå Bergen på besøk når me har flytta inn i hjemmet vårt <3
Espen: Elsker deg!!!
Christoffer
Dette ser jo veldig bra ut!
Går jo fort fremover! 🙂
Espen
Christoffer: Fort og fort… Hadde ikkje gjort noko å vore ferdig no 😀