Påskeharen har nett vitja oss og minna oss på at det i dag akkurat er eitt år sidan me trulova oss. Dei mest årvåkne gjestane har nok også lagt merke til at tidsfrista for å svare på invitasjonen no er gått ut. I tillegg til desse trivielle opplysningane kan me opplysa om at me har utvida ynskjelista vår på Tilbords, samstundes som me t.d har laga ynskjeliste på Sport 1 på Stord og på Sæbøvik gåver og leiker på Halsnøy.
Mykje av påsken vert feira i lokala me skal vere i under bryllaupsfesten, og lyd, lys og prøverigging/-pynting står på menyen desse dagane. Me har også sett oss ut lokasjonar der me har lyst å ta bryllaupsbileta. Kan nemne at vår(e) fotograf(ar) er fascinert av naturen på Halsnøy og motiva den kan få fram.
Når me no snart får gått over alle lister og fått plassert folk der dei skal overnatte, vil me leggje ut informasjon (skjult av passord sjølvsagt) om kor mykje dei enkelte skal betale inn. Dette kjem me tilbake til ved eit seinare høve!
aud
Dette var «GØY» lesing 🙂 Eg har sagt det før og eg sier det igjen » dette blir årets happening» Gleder meg skvett i hel….
Espen
Kjekt å høyre! Me gleder oss også ein god del 😀